Tut og køyr!

Som eit av dei to første teama frå GUS av stad ut i verda gjekk turen til Vernes 04.20 laurdag 12. november. Me var veldig spente på kva som var i vente, men då me sette oss på flyet tok søvnen oss likevel. Dette er vel kanskje forståeleg sidan me knapt hadde rokke å sova mellom atsjekk7vskjedskvelden og avreise tideleg om morgonen.

Då me landa i Krakow, framleis tidelig på laurdagen, vart me på beste måte teke imot av den fantastiske mentoren og samarbeidspartneren vår, Kristian Lande. Bilen hans stod klar, og me kunne suse av stad på flotte motorvegar inn til byen Ostrava. Dette er staden der me skal bu og arbeide, i lag med eit lite lokalt team, dei neste månadane.

Då me kom fram vart me teke inn i heimen til Kristian med det same. Leiligheten som dei har ordna for oss var ikkje klar før på måndagen, og me fekk lov til å bu i lag med denne flotte misjonærfamilien dei første dagane.

Pangstart

Me hadde kanskje forventa ein roleg kveld i vår nye leilighet fyrste dagen. Imidlertid endte me opp på indisk tehus, ut på bowling, med å ete mat på ein røykfullt pub og med å sove på rommet til ein gut på fire år. Ein ekte real pangstart!

tsjekk9Dei neste dagane gjekk i stor grad med til praktiske gjeremål. Leiligheten vår var i utgangspuktet umøblert, men kontaktene til Kristian og fellesskapet i området har donert møbler, senger, og alt me treng for å gjere leiligheten til ein fin plass å bu. Utanom dette har me også ete fleire gode, billige måltid på resturant og møtt mange flotte brødre og søstre, som me ser fram til å leve og arbeide i lag med den neste tida.

Skulebesøk

Kva arbeidet vårt her angår, handlar det no i byrjinga om å treffe ungdom og om å byggje relasjonar og venskap med dei lokale. Dette har me gjort blant anna med å delta i engelskundervisning på ei lokal vidaregåandeskule. Me er inne i forskjellige klassar og held presentasjon om Noreg og samtalar med elevane på engelsk. Dette har så langt vore særs opplyftande. Me har møtt mange flotte ungdommar og gler oss til å halde kontakten med dei framover.

os frå tungindustrien var det fyrste som møtte oss då me kom til Ostrava

Osen frå tungindustrien var det fyrste som møtte oss då me kom til Ostrava

Hovudgata i bydelen vår

Hovudgata i bydelen vår.

høgblokk på høgblokk

Høgblokk etter høgblokk set sitt preg på bybiletet i Ostrava

unnamed-1

Me kosar oss ofte på kjøpesenter (kem sku trudd?)

Den gamle tungindustrien har vorte omgjort til turistatraksjon

Den gamle tungindustrien har vorte omgjort til turistatraksjon

Webhotell levert av Nordic Hosting AS