Kvifor Bare Bibel?
Vegen min til å begynne på Bare Bibel starta eigentleg for fire år sidan, då eg gjekk på Global disippel på Gå Ut Senteret.
Global Disippel
Halve året på Global består av utanlandspraksis. Då var eg i Paraguay saman med tre andre jenter, der vi hadde praksis på ein barneheim. Her fekk eg tanken om at kanskje eg skulle studere barnevern – noko eg aldri hadde vurdert før.

Bibelundervisning
Det var ikkje berre opphaldet i utlandet som blei viktig for meg. Den andre halvdelen av året, då ein er i Trondheim, fekk vi mellom anna bibelundervisning- ein smakebit på kva Bare Bibel klassa brukte året på. Til og byrje med var eg ikkje veldig begeistra, men jo meir eg lærte om Bibelen, jo meir skjønte eg kor mykje eg ikkje visste. Det skapte ein tørst etter å lære meir og bruke meir tid i Guds ord, og etter året på Global tenkte eg at eg ein gong ville gå Bare Bibel.
Derfor valde eg å studere barnevern i Trondheim, med tanke om å setje av eit år til Bare
Bibel, enten undervegs eller etter bachelorgraden. I vår blei eg ferdig med bacheloren og no går eg på Bare Bibel!
Bibelen som eit stort “rom”
Tidlegare i haust hadde vi besøk av ein gjestelærar som sa: «Bibelen er eit så stort rom at
ein kan bruke heile livet på å sjå seg rundt der inne». Eg synest dette var eit godt bilete på
Bibelen sitt omfattande innhald og djupne. Eg har innsett at Bibelen er eit mykje større “rom” enn eg først trudde.
Året på Bare Bibel er eit verdifullt hjelpemiddel for å forstå nettopp kva ein ser i dette
«rommet», og lærer oss korleis vi kan fortsette å utforske det på eigahand. Vi lærer om den
historiske bakgrunnen og konteksten for kvar bok, og vi brukar induktiv metode i bibelstudiene – som handlar om å først observere teksten, deretter tolke, og til slutt anvende Bibelens sanningar i eige liv.

Eit verdifullt mangfold
Året på Bare Bibel er eit verdifullt hjelpemiddel for å forstå nettopp kva ein ser i dette
«rommet», og lærer oss korleis vi kan fortsette å utforske det på eigahand. Vi lærer om den historiske bakgrunnen og konteksten for kvar bok, og vi brukar induktiv metode i
bibelstudiene – som handlar om å først observere teksten, deretter tolke, og til slutt anvende Bibelens sanningar i eige liv.
Bygge huset på fjell
Eg opplever at eg blir leda og får hjelp til å «bygge huset mitt på fjell» som Jesus seier (Matt
7, 24-29), å bygge livet mitt på Jesus som grunnmur. Tida vi får til å anvende Guds
sanningar gjer at eg får bli betre kjent med Guds hjerte for sine barn og er med på å forankre min identitet i Jesus. Det trur eg både er viktig i eit yrke i møte med mennesker i utfordrande situasjonar, og generelt i livets oppturar og nedturar.
