Eg (Ingrid) har fått eit anna perspektiv på livet, sjølv om eg bare har flytta lenger nord i landet. Dette er fordi eg for første gong i livet set av tid til frivillig arbeid, og set av timer med bønn og bibel (nesten) kvar dag. Samtidig er det noko heilt spesielt å få oppleve ein kvardag som dette blant mektige fjell og hav!

Møter mennesker med smil, med og utan munnbind

Kvardagen i Tromsø er prega av møter med mennesker som har mindre enn dei fleste andre Tromsøværingar. I Frelsesarmeen sitt arbeid gir vi mat og tid til prat til dei som treng det mest. Mat er jo eit fysisk behov alle mennesker har, og dette får vi lov til å bidra med å gi. Men nesten viktigare er det smilet og moglegheita til å få ein fin samtale med kvarandre. Sjølv anar eg ikkje kor mykje det har å sei for dei, men eg merkar at det skapar ein god atmosfære. Det er fint å bruke kvardagen på å bare være eit medmenneske for dei rundt.

Større forståing av krafta bønn har

Noko anna som har vore med på å endre mitt perspektiv på livet, er bønn. Rart det der – at eg trengde å flytte til Tromsø for å få eit bønnehjarte for muslimske folkeslag. Grunnen til dette er fordi eg har forstått kva misjon handlar om. Eg valde jo å gå på ein Misjonsskule, og såg for meg ein kvardag med eit heilt anna folkeslag i eit heilt anna land. Men no veit eg at det alltid er mogleg å nå andre folkeslag, for Gud er alltid på jobb. Og no som det er ramadan brukar eg ekstra tid om morgonen med å be, og lære litt om ein ny stad som treng forbønn.

Spesielle omgivelsar

Det som gjer akkurat Tromsø ekstra spesielt, er det å leve så tett på Gud blant mektige fjell og natur. JA- vi har hatt ekte Tromsøver med snø, regn og vind samtidig. MEN- når sola først kjem er det heilt fantastisk å være ute på tur. Både det å bestige ein topp, gå timevis langs store fjell eller bare sitte på brygga og nyte sola, er fantastisk. SPESIELT når vi tar med oss Bibel-gruppa og bønne-tida vår ut.  

Reise herfrå?

Det er trist å tenkje på at eg snart skal forlate denne plassen, og ikkje veit eg kva tid eg møter menneska og fjella igjen. «Dere får ikke lov til å reise herfra. Vi trenger folk som dere her!» sa Pia, ei herleg dame vi har møtt og lest Bibelen saman med. Det å forlate Frelsesarmeen og folka der om nokre veker, verkar også veldig rart. Men éin ting er sikkert; og det er at eg skal ta med meg lærdommen frå Tromsø vidare i livet, og ikkje minst bruke den. Eg vil ta med meg verdien av frivillig arbeid, lange stillestunder om morgonen, bønnestunder og lærdom om unådde folkeslag (og lista fortset…). Og sist men ikkje minst så SKAL eg tilbake ein dag og bestige fleire toppar:)

Gjerne be

Gjerne be med oss for muslimske folkeslag, særleg no under ramadan. De kan òg be for møta vi har med mennesker, og at deira behov må fortsette å bli møtt etter at vi reiser. Be gjerne om ein god avslutning her i Tromsø, og om fint vær no når midnattsola kjem.

Bibelskole neste år?

Inntaket for neste skoleår er godt i gang! Sjekk ut de ulike linjene og søk om plass i dag.

Comments

Fint å lese dette, Ingrid!

Velkommen sørover! Glad for at du har fått oppleve kor fantastisk det er å bo i Tromsø!