Heisann! Mitt namn er Frida Bjørnereim. Eg er 21 år gammal, og dette skuleåret brukar eg tida mi på Bare Bibel her på Gå ut senteret. 

Då eg flytta til Trondheim i august for å starte på bibelskule, hadde eg i grunnen ikkje særleg med forventningar. Kanskje handlar det om meg som mennesketype, eller at sommaren hadde vore så travel at eg eigentleg ikkje hadde fått tid til å reflektere over det som skulle vere hovudsyssel i livet mitt det komande året. Eg hadde ganske grei kjennskap til Bibelen frå før, gjennom lesing på sengekanten frå Mamma og Pappa som lita, eit aktivt leirliv, og dei seinare åra ved å setje meg ned og opne boka sjølv. Sistnemnde har nok for det meste vore sporadisk og periodevis, men nok til å i alle fall ha lese Salmane, evangelia, Apostelgjerningane og majoriteten av breva. Men i august kjendest det ut som livet med aktiv bibellesing var for ei halv æve sidan, og sånn sett passa det meg veldig godt at det einaste eg visste om det komande året, var nettopp at eg skulle få lese i Bibelen. 

Det viser seg at påstanden om at Bibelen forandrar liv, faktisk er sann. Eg trudde på denne påstanden før eg kom til Gå ut senteret og, altså. Skilnaden er at no har eg fått erfare det sjølv også. For at Bibelen er ei levande bok, er det liten tvil om i mine auge. Dei mange sidene som før verka uovervinnelege og lange, er no fulle av spenning, livsvisdom og Gud sin gjennomsyrande kjærleik for menneska. For ikkje å snakke om relevanse og aktualitet, både inn i samfunnet og verda som heilskap, men også rett inn i meg og mine klassekammeratar sine liv. 

Då vi i haust gjekk gjennom majoriteten av det nye testamentet, var opplevinga mi at eg fekk bekrefta at verdiane og synspunkta mine er godt forankra i Bibelen. Det kjennest godt å vite at dei kristne miljøa eg har vakse opp i har gjeve undervisning som er tru til det eg sjølv ser når eg les og studerar Guds ord, og at førebileta mine som barn og ungdom har peika tydeleg på Jesus. Samtidig har eg fått ei større og djupare forståing for kvifor desse verdiane er gode rettesnorer å leve etter. Det gjer meg betre forankra. 

En trofast Gud

Rett før jul tok vi til på 1. Mosebok, og har sakte, men sikkert jobba oss gjennom ganske mange historiske bøker utover i Det gamle testamentet. Til tider er det seigt, men igjen blir eg slått av Gud sin ekstreme kjærleik og vilje til å vere saman med sitt folk. Det som har prega meg aller mest er nok å få eit mykje større perspektiv på kva det vil seie at Gud er trufast. For det er han verkeleg. Israelsfolket vender seg bort frå han gong, på gong, på gong. Dei mistar fokuset, tilbed andre gudar og forvillar seg skikkeleg langt vekk. Likevel held han løftet sitt om at han skal vere med dei. Det er sterkt, for det betyr at han ikkje kjem til å forlate meg heller. Og at han kjem til å halde løftene han har gjeve meg og. 

Det er midt i februar, og  vi har lese og studert over halvparten av Bibelen. Til no har året vore prega av mange prosessar. Nokre små, som ein gjerne kjem seg gjennom i løpet av studietida, men også ein del av den skikkeleg svære sorten, der ein berre må smørje seg med alt ein har av tolmod for å kome gjennom, og kanskje sjølv ikkje då heilt sjå enden på det. Eg kan eigentleg oppsummere det med Hebrearbrevet sine eigne ord: 

 7 Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette!  8 Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.  9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva? 10 For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han. 11 All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.

Å vie eit år til å studere Bibelen forandrar livet, men det tek tid. Heldigvis går Gud med meg på kvart einaste steg på den vegen.