Blikket festa på Gud

Etter ein altfor lang dusj (det er fredag) må eg kjappe meg å ete frukost før Ellen-Beate står på døra. Vi skal sparke på dei nye sparkesyklane våre til skulen (nei, ikkje el-sparkesykkel). Det går fortare enn å gå, men det er mykje meir skummelt – bremsa fungerer ikkje. Men, vi kjem oss heilskinna til skulen i dag òg. 

Dagen startar på vanleg vis med morgonsamling og stilletid. På dagens morgonsamling held Tobias (han høge med langt hår som tar bilde) ei andakt vi alle treng å høyre.

I korte trekk snakka han om å «søke først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg». (Matteus 6:33)

Det er lett å gløyme, i ein Bibelskule-kvardag der ein tenkjer «no skal Gud fikse livet mitt og eg skal bli ein god kristen». Det handlar om å søke Gud, ønske å bli kjent med han og så vil han gi oss alt det vi trenge. Han kjenner oss betre enn vi kjenner oss sjølve, og veit akkurat kva vi treng, så det handlar eigentleg om å stole på han.  

Etter morgonsamling er det tid for stilletid, og det er ei gåve frå Gud og GUS. Då får vi moglegheit, kvar for oss, til å kople oss på Gud, lese i Bibelen, be og kvile i Guds nærvær. #takknemlig 

Apostelgjerningane og lunsj med rektor

Resten av timane fram til lunsj går i ein fei. Vi på Bare Bibel går igjennom dei 30(!) siste slidesa på PowerPointen til Barbro om Apostelgjerningane, og lunsj har sjeldan smakt så digg. Apostelgjerningane har vore vekas bok – det er eigentleg ei bok vi kunne brukt heile året på – og vi har fått lov å lese og lære om dei første kristne.

Eg er sikker på eg har lært minst 10 heilt nye ting kvar dag denne veka, og eg kan love deg at aha-opplevingar ikkje er sjeldan kost i klasserommet vårt! 

I lunsjen er eg så heldig at eg får sitte ved sidan av rektor Ørjan og eg deler litt om det vi har lært om i Apostelgjerningane. Elles går samtalane rundt bordet i val, Bibel og «kva er planen for dagen/helga?», før læraren vår Frida ropar «Nå er klokken 30 (12:30 altså), timen starter!». Global Disippel-klassa spring over i nabobygget, medan vi i BB går inn på klasserommet vårt som ligg vegg i vegg med «matsalen».

Dagens bragd

No skal vi ha oppsummering av Apostelgjerningane. Først ein og ein, og så i fellesskap. Noko av det som blir sagt i fellesoppsummeringa er:

«Dette er ei kjærleiksbok om korleis Gud fortset å elske disiplane sine gjennom den heilage ande».
«Denne boka utfordrar meg til å tenke gjennom mitt eige liv og mine eigne problem». 
«Den Heilage Ande viser si kraft gjennom disiplane sine». «Evangeliets framgang er målet».

Etter dagens bragd (at vi fullførte Apostelgjerningane!) får vi sjokolade og mentos av vår kjære lærer Frida. #helg

Justin Bieber og ei tostjerners produktomtale

Klokka 17 (vi slutta på skulen 15) er vi endeleg vel heime i leilegheit A16. Kvifor ikkje før? Jo, la meg forklare med sjokolade og mentos, lysmontering, butikk x2, telefonsamtale og Justin Bieber i bilen – då går to timar fort. Men Maria, hadde ikkje du sparkesykkel? Jo, men den ligg i bilen fordi -> produktomtale skrive av Maria Lade og Ellen-Beate Lade Will.

Scampidigg tacotid!

Viss du blir kjent med oss i leilegheit A16 vil du legge merke til at vi har god tid. Å lage taco tar 1 time! – sjølv om det er fem på kjøkkenet (og når ein lagar taco lønner det seg å vere mange sånn at det skal gå fortare). Men no er det taco, og denne fredagen med besøk frå A15 (dei tre nabogutane som går i klassa vår☺). Vi må bare danse litt Macarena først. 

Tacoen smakar SCAMPIdigg, som vi brukar å seie her. Du har vel hørt uttrykket rekedigg? Scampidigg er viss ting er endå diggare! – og samtalen er ikkje mindre digg enn maten. 

A16 består av to gutar og tre (fire når du les dette (det skal flytte inn ei til!!!!<33)) jenter, og medan dei to andre jentene (Helena og Victoria) ryddar etter tacoen går eg, Ellen-Beate, Torgeir og dei to gutane (Iver og Håvard) til Bunnpris for å poste ein pakke. Eg og Håvard blir «einige» om at dersom det kostar 100kr eller meir å poste, så skal eg betale (det høyre kanskje med til historia at det er han som skal sende ein pakke). 

Butikkmannen: «Det blir 100kr» 
… snakka ikkje meir om det.

Ting som kan nemnast og ikkje

Resten av kvelden bruka eg i Vandreheimen i leilegheit B*ettellerannatall*(Global Disippel-klassa bur i Vandreheimen, så vi heng ikkje berre i ei random leilegheit) i lag med ein gjeng jente. Vi prata om ting som kan nemnast og ting som ikkje kan nemnast, medan vi prøvar å finne på noko kjekt å gjere. Det endar opp med at vi berre sit der og pratar om ting som kan nemnast og ting som ikkje kan nemnast, før det smelle 00.00! Nydelege Birgitte har BURSDAG og denne fredagen er offisielt over!<3 

Ein dag på GUS er aldri ein vekkasta dag.

Ein dag på GUS er givande, inspirerande, morosam, bibelfylt og lærerik.

Ein dag på GUS blir alltid (i mitt tilfelle) avslutta med ei takkebøn til Gud. Ein dag på GUS er fylt av flotte menneskje, gode samtalar og betre undervisning enn dei fleste andre plassar. #bibelnerden #søkGUS

Bibelskole neste år?

Inntaket er i gang! Sjekk ut de ulike linjene og søk om plass i dag.