No har me vore i Bangladesh i ei veka. Me har allereie byrja å finne oss litt til rette. Me har undervist våre første timar på Martin Luther College, besøkt internata, blitt kjent med den norske misjonærfamilien som er her og lært oss eit par fraser på bangla.

Snart skal me flytte til leilegheita til nokre misjonærar frå India der me skal bu resten av opphaldet. Til no har me budd på eit gjestehus som er driven av Viator, men det blir godt å endeleg koma på plass.

I mangel på bord i riktig høyde, måtte David halde vannkokaren medan tevatnet kokte

Språket er utruleg viktig for bengalarane. Det er faktisk ein viktig årsak til at det eksisterer eit Bangladesh i dag. (Du kan sikkert google Bangladeshisk historie..) Bare det at me kan seie enkle ting som «Apni kemon achhen?»  (korleis har du det?), «Ami bhalo achhi» (eg har det bra) og «Amar naam» (Mitt namn er) gjer bengalarane storfornøyde!

Bengalarane er også kjempeivrige etter å lære oss bengali. Så Bangladesh er definitivt landet for språkentusiastar. Leilegheita til Gladstone og Priya ligg ikkje så langt unna ein språkskule, så når me flytter dertil, skal me ta nokre språktimar der.

Trafikken i Dhaka er eit kapittel for seg sjølv, du trur det faktisk ikkje før du ser det. Med våre norske auge ser det ut som om det finnes ein regel og eit unntak; dersom ingen politimann bestemmer kven som kan køyre, køyrer den som kan og alle har ansvar for å ikkje krasje i dei forran (akkurat som i slalåmbakkar).

På vegane finn ein alt frå bussar og lastebilar til vanlege bilar til små grønne motorsykkeltaxiar (CNG) og sykkelrickshawar. Og for å toppe det heile…. Gangfelt finnes nokre plassar, men INGEN bruker dei, folk berre går over vegen.

Ein kan tenkje seg att det er masse ulukker i eit slik «kaos», men det er faktisk ikkje tilfelle. Sjølv om INGEN held 3-sekundersregelen og «10-feltsvegar» her er like breie som 6-feltsvegar i Noreg, har me enno ikkje sett nokon som har skada seg. Alle som ferdes i trafikken i Dhaka er utruleg dyktige. Det er så imponerande korleis dei kjem seg fram i det totalkaoset som trafikken ser ut som.

På fredag fekk me vera med på Normisjonstaben sin piknik til ein Safaripark eit stykke nord for Dhaka. Der fekk me sjå sjiraffar, løver, flodhest, svanar og sjølvsagt nasjonaldyret i Bangladesh, Bengalsk tiger. Elefantriding var også noko dei av oss som ville fekk prøva seg på.

Men sjølv om det var mange fine dyr, blomster og trer i parken var kanskje den største attraksjonen for mange av parkens besøkjande dei tre kvite folka som gjekk rundt i parken. Me fekk så mange spørsmål om folk kunne få ta selfie med oss at me tilslutt landa på at me ikkje har lyst til å bli kjendisar.

På pikniken fekk me vårt første ordentlege bangla-måltid og etter å ha konkludert med at det ikkje var det enklaste i verda å ete kylling med skei og alt blei så grisete prøvde me oss med høgre hand, slik som bengalarane. Det var ikkje vanskeleg, men ein blei litt grisete, noko som eigentleg ikkje gjorde noko, då venstrehanda ikkje skal brukast til mat og dermed er rein til å ta i andre ting.

Livet i Dhaka er både spennande og utfordrande, men berre for å gjere det heilt klart আমরা এটি পছন্দ করি Me likar det!

Faith in action neste år?

Ønsker du et helt bibelskoleår i tjeneste, hvor du lærer mye, får tett oppfølging og seks uker i utlandet? Sjekk ut Faith in action og søk om plass i dag.